Diskusjon:Hovudside/Arkiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lenke i navigasjonsmenyen[endre wikiteksten]

hei,

jeg har lagt inn en lenke til nynorsk i navigasjonsmenyen på no:, kanskje dere kunne gjøre det samme (altså til den fellesnorske). Det vil gjøre det lettere for norske brukere å finne frem mellom de to norske wikipediaene. Se http://no.wikipedia.org/wiki/MediaWiki:Sitesupport for hvordan det kan gjøres. -- Wolfram 31. okt 2004 kl. 10:27 (UTC)

Hei Wolfram, takk for tipset, er ikkje heilt sikert på at det er rett å gjerã det slik som de har gjort verken her eller på no.wikipedia men eg skal tenka på det. Innvendigane mine er at å skaffe midlar til Wikipedia er viktig difor bør kanskje doneringslinken forbli, medan ellers er det om å gjera å ha minst mogleg i boksen til venstre (men bokmål versjon bør vel vera minst "like viktig" som donering...). Veit ikkje heilt kva ein skulle kalla linken, berre "fellesnorsk" slik som de har "Nynorsk" på no.wikipedia tykkjer eg er lite beskrivande (men ein oppdagar det vel fort nok...). Ellers kan du jo prøva deg og gjera endringa sjølv, det er berre to sider på nn.wikipedia som er beskytta (ingen MediaWiki meldingar).--[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 31. okt 2004 kl. 16:16 (UTC)
Lenken til donasjonssiden blir ikke fjernet, men begge to lenkene legges i samme filen. De har satt inn ekstra sider på samme måte på dansk. Jeg er enig i at det bør være minst mulig i navigasjonsmenyen, men tettere koordinering mellom no: og nn: ville også være praktisk. Én ekstra gjør knapt noen forskjell. Siden brukergrensesnittet på no: er på bokmål kunne man bare kalle lenken "bokmål". Det ville heller ikke være helt presist, men det ville gjøre nytten. Wolfram 31. okt 2004 kl. 16:55 (UTC)
Nei, nei, ikkje bokmål! Det er trass alt nokre artiklar på andre målformer på no:, og fleire skal det bli! Berre "Norsk" er kanskje mogleg, men det verker litt uklårt. Eg støtter "Fellesnorsk", og meiner det burde gå greit med ei linje til i menyen. Ranveig 31. okt 2004 kl. 17:33 (UTC)
Trur faktisk at eg og Wolfram er einige her, bokmål er beste alternativet men det er framleis ikkje særleg beskrivande, bokmål kva? Diskusjon om nynorsk på no.wikipedia høyrer vel heime ein annan stad.--[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 31. okt 2004 kl. 17:54 (UTC)
MediaWiki:Sitesupport ser faktisk ut til å være sperret. Selv om den ikke er opprettet. Wolfram 31. okt 2004 kl. 17:44 (UTC)
Du har heilt rett. Var ikkje klar over at desse sidene er pre-verna. Skal sjå om eg kan fjerna vernet frå noko som ikkje er der enno.--Guttorm 31. okt 2004 kl. 17:54 (UTC)
Det er ein bug som bör rapporterast. --Guttorm 31. okt 2004 kl. 21:36 (UTC)
Den er no rapportert til bugzilla. --Guttorm 14. jun 2005 kl. 2041 (UTC)
Nei, "riksmål" må det stå! :P Det einaste eg er redd for er at folk reknar med at dei berre forandrar språket på brukargrensesnittet ved å trykkja på ei eventuell "bokmål"- eller "nynorsk"-lenkje i navigasjonsmenyen (noko som vonleg vil vera mogleg i framtida), men i realiteten kjem dei til ein annan wiki med ulike artiklar. Kva med "Fellesnorsk wikipedia"? Eigentlig trur eg at enn så lenge kan det vera betre å integrera den fellesnorske og den nynorske ved å passa på og ALLTID ha ei interwiki-lenkje, frå KVAR artikkel, sjølv om det ikkje finst ein artikkel på den andre wikipediaen. Denne kan jo skrivast. Bjarte 31. okt 2004 kl. 21:27 (UTC)
Trur "Fellesnorsk Wikipedia" er litt langt (me kan jo prøva...), dessutan bør me snart få orden i sakene og klara oss med ei nynorsk og ei bokmål wikipedia, det fins ingen andre wikipediaer som driv og duplikerar artiklar på same språket - naturleg nok. --Guttorm 31. okt 2004 kl. 21:36 (UTC)
Noen wikipedia bare på bokmål er som tidligere nevnt ikke ønskelig, siden bokmål/riksmål-språket inkluderer mer enn bokmål. Med hensyn til lenke i navigasjonsmenyen var det på no: et forsøk på å bøte på at lenken til nn: ikke hadde noen særlig prominent plass på forsiden ("andre språk" kommer veldig langt nede). Wolfram 1. nov 2004 kl. 18:47 (UTC)

Nordisk samordning? Legg interwiki-lenkjer til no, sv og da øvst i lenkjelista![endre wikiteksten]

Eg trur det er ein god idé om vi legg dei nordiske interwikilenkjene øvst — det vil seie no, sv og da først, og deretter dei andre etter alfabetet. Eksempel:
no:???

sv:???

da:???


af:???

en:???

nds:???

pt:

Vi bør òg hugse på å laga interwikilenkjer til dei andre skandinaviske språka frå kategorisidene. Kva trur de? -- Olve 31. okt 2004 kl. 22:29 (UTC)

Kanskje bør vi inkludere færøysk, islandsk og engelsk her? I så fall får vi: no - sv - da - fo - is - en føre lenkjene til dei andre språka. -- Olve 31. okt 2004 kl. 22:35 (UTC)

Eg trur og det er ein idé. Nå har det vel eigentlig ikkje vore vanleg å leggja interwiki-lenkjer inn utan at det faktisk finst ein artikkel. Med så treige serverar som det har vore i det siste, kan det vera litt keisamt å gå til ei blind lenkje berre for å måtta gå attende. Det beste hadde vore om interwikiklenkjene kunne vera raude òg! Kanskje dette er noko me kan føreslå til utviklarane. Eg trur dette kan vera aktuelt for andre wikiar òg. Sei til dømes du skriv ein artikkel om japansk teater på den engelske, og denne artikkelen ikkje finst på japansk, så kan det jo vera ei slags "oppfordring" til eventuelle japanske wikipedianarar å oversetja denne viss ein legg inn ei tom japansk interwikilenkje. Bjarte 31. okt 2004 kl. 22:54 (UTC)

Oops — eg meinte sjølvsagt spørsmålsteikna berre som ei snarveg til eit generelt eksempel — ikkje som konkrete lenkjer til ikkje-eksisterande artiklar... Når det er sagt: òg er einig i at det ville vore fint om vi kunne ha raude «maselenkjer» til ikkje-eksisterande artiklar på andre wikipediaer. Lansér gjerne denne idéen, Bjarte! :-) -- Olve 31. okt 2004 kl. 23:13 (UTC)
Det er vel del av det ein kan kalla "true multilingualism", trur det er veldig vanskeleg å få til utan putta alle språk i same databasen, når det er sagt er eg sjølvsagt for det, skriv gjerne ein bug. --Guttorm 1. nov 2004 kl. 00:20 (UTC)

"Redigér"[endre wikiteksten]

Og heiter det "redigér"? I nynorskordboka står det "rediger" utan aksent. Ikkje for å pirke, då, berre merka meg det! :)

Nei, det er ikkje rett å skrive redigér:
Når imperativformen ender på trykksterkt er, som i plasser (av plassere), skal vi ikke bruke aksent ("plassér" er altså ikke riktig).
Saksa frå Norsk språkråd si webside om imperativ
--Verdlanco (diskusjon) 18. des 2004 kl. 23:07 (UTC)
Ja, den aksenten er visst bortdefinert av Språkrådet — sjølv om dette er ein nyttig aksent å ha både på nynorsk, bokmål og dansk... (No vil no elles Språkrådet ha oss til å skrive spagetti og getto utan -h- òg — noko eg heller ikkje greier å vera noko særleg entusiastisk over.) Men eg bøyer meg for Språkrådet og er med på å skrive rediger, studer og liknande her på nn. (sukk...) -- Olve 13. jan 2005 kl. 21:48 (UTC)
Me jo ikkje følgja Språkrådet i alt - elles ville vel ikkje artiklar på t.d. høgnorsk høyra til her. Dersom det er ein fordel å skriva redigér - lettare å forstå for den jamne brukar, til dømes - bør me kunne halda på det. Eller kva? -- Ranveig 13. jan 2005 kl. 23:12 (UTC)
Jeg derimot ser ikke vitsen med den aksenten. Det er ikke noe annet ord/noe annet innhold som «rediger» kan forveksles med, og da er den i hvert fall ikke nødvendig. --Kristian André 14. jan 2005 kl. 00:13 (UTC)
Mnja.... I akkurat dét ordet er det ikkje fare for samanblanding, det er sant. Men det finst andre eksempel der det finst minimale par — slik har vi til dømes blokker (pl. av blokk (f)) vs. blokkér (imp.), monter (utstillingsboks) vs. montér (imp.) og broder (m., = bror) vs. brodér (imp.). Det finst med andre ord ein heil del eksempel på minimale par med -er/-ér-motsetnad på nynorsk, sjølv om dei nynorske eksempla er færre enn kva ein har på bokmål og dansk. Eg trur ikkje det er så lurt å leggje seg på ein standard der ein vinglar i aksentbruken etter om kvart ord kan misforståast eller ikkje. Elles er eg einig med Ranveig i at vi bør sjå på kva som faktisk fungerer. Personleg finn eg det mykje tydlegare og greiare å ha med aksenten i ord med trykktung -é og -ér-ending. Eg har mange gonger lese feil når det i bokmålssamanheng står plasser. Særleg i samband med systemmeldingar tykkjer eg det er viktig at meininga blir så TYDELEG og EINTYDIG som råd. Om det viser seg at fleire er einige i dette, så blir eg dermed glad for det, men som eg tidlegare har sagt så vil eg òg vera solidarisk til eit vedtak om å taka bort desse aksentane. (Med litt surmuling for meg sjølv, rettnok... ;-) ) -- Olve 14. jan 2005 kl. 03:47 (UTC)
Eg har stor respekt for Språkrådet, og kjem ikkje sjølv til (medvite) å bryta reglane dei har vedteke. Men når det gjeld akkurat denne regelen, kan eg gjerne la vera å retta brot som er gjorde av andre! :-)
--Verdlanco (diskusjon) 14. jan 2005 kl. 08:29 (UTC)
Du gjorde no ikkje det akkurat no... :] -- Olve 1. feb 2005 kl. 0820 (UTC)
Sant, men denne gongen var det fordi setninga hadde to verb i imperativ, der det eine (ver) følgde regelen, medan det andre (redigér) ikkje gjorde det. Eg ville gjera bruken (innafor same setning) konsekvent, og valde då å retta det som var feil, heller enn å innføra feilskrivinga vér. Men det er fint å veta at folk følgjer med på det eg gjer! :-)
Alternativ tre var å skriva det om til Ver med å redigera…
(Eg godtek i øvrig at det står Redigér side og Diskutér side i peikarane øvst og nedst på sida.)
--Verdlanco (diskusjon) 1. feb 2005 kl. 1236 (UTC)
Ikkje sikker på om eg forstår argumentet ditt i dette fallet: redigér/diskutér har aksent på trykktung e utanom første stavinga av ordet. Etter den regelen vil imperativen av vera framleis vera ver. Dette var med andre ord ikkje inkonsekvent språk... -- Beste helsing frå med-flisespikkar Olve 1. feb 2005 kl. 1814 (UTC)
Okei, eg skal gje meg, eg tykte berre det såg rart ut med to imperativar på -er i same setning, der den eine hadde aksent og den andre ikkje. Men neste gong kan eg gjerne la det gå. :-)
Flisespikkemeister Verdlanco (diskusjon) 2. feb 2005 kl. 0731 (UTC)
(P.S.: Eg har ikkje noko imot at folk berre gjer om på rettingane mine når dei synest eg har gått for langt. Me treng ikkje å diskutera prinsipielle spørsmål kvar gong.)

Eg har no endra redigér til redigerm:LanguageNn.php. Kommentaren til Brukar:GauteHK var utslagsgjevande. Endringa trer ikkje i kraft før ny versjon av LanguageNn.php vert teken i bruk så me har god til til å gjera det om, noko som også er enkelt. Eg tykkjer eigentleg me bør vera konsekvente og følgja Språkrådet, og sidan rediger ikkje er så lett å misforstå og eg trur eigentleg det vil vera fleire som reagerer negativt enn positivt på redigér. --Guttorm 25. apr 2005 kl. 1244 (UTC)

Kva med andre verb? Eg synest aksenten bør fjernast i alle imperativar. Så vidt eg ser, er det berre «blokker» og «marker» (i grensesnittet) som kan lesast på to måtar. Det meiner eg likevel er uproblematisk, iallfall der orda står i ein setningsposisjon som utelukkar andre lesingar enn imperativ. --GauteHK 25. apr 2005 kl. 1512 (UTC)
Du må gjerne gjera endringa direkte i m:LanguageNn.php. --Guttorm 25. apr 2005 kl. 1554 (UTC)
Guttorm: Du viser til ein kommentar frå Gaute der han viser til at vi allereie har diskutert denne saka som grunngjeving for å endre det som vart konklusjonen her. No fann eg ei melding på Samfunnshuset om at du har bestemt at vi skal bruke -er utan aksent. Skulle vel ha følgt med betre på denne sida, men trudde at dette var opp- og avgjort.
Det er vorte framsett gode grunnar til å halde på aksenten her. Det einaste argumentet mot er vel eigentleg at Språkrådet har bestemt noko anna. Vi treng betre argument enn berre dét for at nokon skal kunna bestemme seg for å ignorere resultatet av ein diskusjon der det faktisk finst (eller fanst, i det minste) ein konklusjon.
Her er ei oppsummering av argumenta:
Argument for imperativsforma -ér av -ere-ord:
  1. /-ér/ og /-er/ er ulike morfem på norsk.
  2. Det finst mange eksempel på minimale par. (eks.: blokker/blokkér; broder/brodér; monter/montér)
  3. Utelating av aksenten kan fungere nokolunde greitt i fulle setningar, men i brukarsnittsamanheng og andre samanhengar der ordet står åleine er det tydelegare å bruke aksenten.
  4. I datasamanheng har vi både ord som blokker (datablokker el. blokker av data) og blokkér (nekt skrivetilgang).
  5. Imperativsforma (-ér) har skrifttradisjon på nynorsk ved sida av (-er), (-ere) og (-era)
  6. Imperativsforma (-ér) finst òg på dansk. (Svensk har (-era) og bokmål har (-er).)
Argument for imperativsforma -er av -ere-ord:
  1. Språkrådet har vedteke bruk av -er i slike imperativar både for bokmål og nynorsk.
  2. Imperativsforma (-er) i slike ord har skrifttradisjon på nynorsk ved sida av (-ér), (-ere) og (-era)
  3. Imperativsforma (-er) finst òg på bokmål. (Dansk har -ér og svensk har (-era).)
No kan vi gjerne fortsetje diskusjonen her og sjå om nokre betre argument kjem fram på den eine eller andre sida. Eller vi kan finne kompromiss som bruk av andre ord som er like tydelege og som gjer at vi kan unngå dette problemet. Eksempel her kan vera å endre «redigér»/«rediger» (omstridde former) med t.d. «endre» eller «skriv»; og «blokkér»/«blokker» med «nekt skrivetilgang». -- Olve 28. mai 2005 kl. 2150 (UTC)
Eg er for å nytta andre ord; til dømes «skriv» for «redigér», «lås (side)/steng ute (brukar)» for «blokkér», «merk» for «markér», «drøft(ing)» for «diskutér», «sjå bort frå» for «ignorér», «godtak» for «akseptér», «skru på» for «aktivér». Alle er heilt vanlege i både skrift og tala. Ei løysing helder enn eit kompromiss, meiner no eg. Jarle 28. mai 2005 kl. 2319 (UTC)
Ja, det er vel kanskje (minst) like greitt å gjera det slik — med imperativar av -er/-ér-typen blir det vel nokon som irriterer seg anten vi gjer slik eller slik. Andre ord kan vera enklare, mindre splittande og ofte vel så tydelege. :-) Trur elles at «prat» kan vera eit greitt ord for diskutér/diskusjon: «Diskusjonssida mi» > «Pratesida mi». Olve 28. mai 2005 kl. 2340 (UTC)
«Prat» er flott, elder kva med «drøs»? Eg tykkjer islendingane hev eit fint ord i «spjall» ;). Jarle 29. mai 2005 kl. 0855 (UTC)
Eg liker å drøsa, men det blir kanskje litt vel koseleg? "Diskusjon" har eit litt meir krangleaktig preg, og sjølv om det sikkert kan passa på noko av det som føregår på desse sidene, trur eg det er "prat" eller "snakk" me driv mest med her på nn:, i alle fall. Eg liker dei andre forslaga òg, nokre av dei er lettare å forstå enn det originale é-ordet. Einaste eg er usikker på er det som starta ordskiftet - redigér. Er "skriv" eller "endre" tydeleg nok for den nye wikibrukaren? -- Ranveig 29. mai 2005 kl. 1038 (UTC)
For meg er no «drøs» og «prat» synonymar, med «drøs» som det naturlege i talemålet mitt. Kannhenda er berre «diskusjon» elder «ordskifte» like greidt? Jarle 29. mai 2005 kl. 1208 (UTC)
Jaaa... drøs og prat er vel helst likt, noko ein gjer for å hyggja seg. "Snakk" kunne passa betre til det me gjer her, men "ordskifte" er òg bra. Vel, så langt er i alle fall dette ordskiftet blitt mest radl... -- Ranveig 29. mai 2005 kl. 2055 (UTC)
«Drøs» blir noko tungt for midtnorskingane. «Snakk» er eg ikkje så sikker på. Som substantiv kan det lett tyde ‘rykteflaum’ vel så mykje som ‘samrøde’. «Ordskifte» er no slett ikkje så dumt, forresten. Eg likar no «prat» aller best, men om dette blir oppfatta som for uformelt, så skal eg no ikkje insistere. :) Olve 29. mai 2005 kl. 2108 (UTC)
Heisann! Flyttar meg over hit frå Samfunnshuset, for eg fekk melding om at denne diskusjonen gjekk føre seg her. :) Eg synest _ikkje_ at vi skal begynne å plassere ut aksentar på dei stavingane som har trykk i enkelte dialektar/normert talemål, iallfall ikkje når det samtidig går imot språkrådsnormen. Eg, som trønder, har ikkje trykket på é-stavinga i "redigér", men seier tvert imot REDDi-ger! Å plassere trykket der de har det, blir rett og slett frykteleg knotete for meg... Tykkjer elles at prinsippet om hovudformene til Språkrådet på framsida og i fellesnemningane våre er eit godt prinsipp. MEN: Stør veldig framlegget om å bruke andre ord!!! Vart t.d. i svært godt humør første gongen eg såg "spire" og "samfunnshuset" - er så bra! Vi har da såpass til fantasi at vi finn på noko anna, og eg tykkjer det alt no har kome mange gode! Vi er einige om "steng ute", "merk", "skru på" og "sjå bort frå", eller?? Synest det var gode framlegg, Jarle! :) Eg stør også "endre" i staden for rediger/"redigér". Det einaste, er at eg aldri har høyrt ordet "drøse" før, og håpar derfor at ikkje dét blir valt...(Olve har rett, framandt ord for trønderar!) Kanskje "prat", men er litt usikker på kva eg meiner dét òg - blir litt kosete? Kva med "meiningsbryting"? Forresten: Dersom nokon held fast på "redigér" (meir eller mindre med bakgrunn i sitt eige tonefall), trugar eg sterkt med å koma med framlegg om at jamvektsorda skal ha a-ending i imperativ, sidan eg seier t.d. skjårrå! (=skjera!) :P (Kunne ikkje dy meg frå å skrive det, dessverre...) Håpar altså at resultatet blir andre ord enn desse ere-verba! --Erlend 30. mai 2005 kl. 1702 (UTC)
Godt poeng, Erlend. Eg har aldri tenkt på at trykket kan liggja på ulike stader i andre dialektar. (Kanskje det er ein valde å ikkje ha med aksenten i rettskrivinga?) Eg er einig i at det er ei grei løysing å omgå problemet ved å bruka andre ord i staden. Mange gode framlegg! Eg synest òg ordskifte er eit godt ord. Prat/drøs/snakk synest eg vert for uformelt — Wikipedia er ikkje staden for hyggjeprat. --GauteHK 30. mai 2005 kl. 1819 (UTC)
Mnja... På Nordmøre er no òg tonelagstrykket på første stavinga, men siste stavinga får (ekstra) sterkt bitrykk — i motsetnad til ord som «erter», «diger», «musikanter» (ub.m.sg.), der siste stavinga er trykklett. Olve 30. mai 2005 kl. 2053 (UTC)
Eg trur ikkje "drøs" var heilt alvorleg meint, me veit at det er eit nokså lokalt ord. "Ordskifte" kan vera bra fordi det òg kan visa til kva me ofte prøver å oppnå gjennom diskusjonane våre - å skifta ut ord i artiklane. Det blir så poetisk, atte. ;-) -- Ranveig 30. mai 2005 kl. 1904 (UTC)
Da sluttar eg meg til "ordskifte" eg også!! Hehe, nokon hyggjeprat skal vi ikkje ha noko av, nei... ;) --Erlend 30. mai 2005 kl. 1947 (UTC)
«Ordskifte» for redigér/rediger er greitt. (Eg tykkjer det er litt trist at nokre av oss vil fjerne hyggjepraten frå Nynorsk Wikipedia — eg trur faktisk at hyggjepraten her er ein av dei kvalitetane ved nn: som gjer at folk trivst her og endar opp med å skrive artiklar av høg fagleg kvalitet.) Olve 30. mai 2005 kl. 2053 (UTC)
For all del, god tone er sjølvsagt ønskjeleg! :-) Det var helst utanomprat eg sikta til — Wikipedia er inga «chatteside». --GauteHK 30. mai 2005 kl. 2118 (UTC)
Skal vi sjå.....
  • Diskutér/diskuter > ordskifte
  • Diskusjonssida mi > ordskiftet mitt
  • Redigér/rediger > endre (dette passar forresten godt med «Siste endringar» òg!)
  • Markér/marker > merk
  • Blokkér/blokker > sperr? steng ute?
  • Ignorér/ignorer > sjå bort frå? (kva med «ikkje overvak»?)
Fleire? :-) Olve 30. mai 2005 kl. 2053 (UTC)
Tja… På Innstillingar-sida står det noko om «stubb», som sikkert bør endrast til «spirer».
Eg har iallfall endra signaturen min så det står "ordskifte" i staden for "diskusjon" der no! :-)
--Verdlanco\ordskifte 30. mai 2005 kl. 2132 (UTC)

Dette vart jo ein skikkeleg produktiv diskusjon;-) Berre så synd at den ikkje kom før. Endringa av 'diskutér/diskuter' til 'ordskifte' gjer at halvparten av namneromma skiftar namn. Dette medfører meir arbeid for utviklarane, potensielle problem, og ei mengd peikarar som sluttar å virka. Peikarane i artiklane kan truleg ein robot ta seg av, men peikarane i historikken og redigeringssamandraga vil slutta å virka. Sjølv likar eg 'ordskifte' godt, men eg har lite lyst å gjera den endringa no, pga. dei før nemnde problema.

Erik Möller kodar for tida 'WikiData'-funksjonalitet for programvaren. Som del av dette arbeidet har han tenkt å gjera endringar som eg tolkar slik at ein vil kunna oppretta "alias/peikarar/snarvegar" til namneromma på ein enkel måte. Det hadde vore mykje betre om me kunne venta til då med denne endringa og heller leva med 'diskuter' fram til den nye programvaren blir teken i bruk. Eg reknar ikkje med at den nye versjonen av programvaren (1.6/2.0) blir teken i bruk før om 6 mnd. eller meir. Olve har allereie gjort dei naudsynte endringane på Meta, noko som ser veldig bra ut. --Guttorm 11. jun 2005 kl. 2037 (UTC)

Ser at endringane har kome med no, flott å sjå at det har kome «endre» øvst på kvar side! Vart retteleg bra, og alle er vel godt fornøgde. :) --Erlend 2005-07-05 17:54:52 (UTC)

«endre» er bra, men ikkje «Endre side», synest eg! Eg har kome med framlegg til ny endring av «Endre side» på Wikipedia-diskusjon:LanguageNn.php.
--Verdlanco\ordskifte 9. juli 2005 kl. 21:14 (UTC)

Omsetting av wikipedia-systembeskjedane til nynorsk[endre wikiteksten]

Kan nokon med sysop-status vere så greie at dei omsett systembeskjedane til nynorsk. Eg syns det kolliderar noko kollosalt når alt er på engelsk. Om nokon lurar så finnst dei her: Special:Allmessages. Einar 17:47, 13 Sep 2004 (UTC)

Eg kunne sjølvsagt ha gjort det sjølv, men dei er beskytta. Einar 17:53, 13 Sep 2004 (UTC)
Hei User:Einar, velkommen til nn.wikipedia! Nynorsk brukargrensesnitt er undervegs. Viss du vil vera med på korrekturlesing kan du gå til m:LanguageNn.php. Rett på det du finn av feil (sjølv om eg trur Olve har nok gjort ein god jobb). BjarteSorensen 21:56, 13 Sep 2004 (UTC)

Ymist[endre wikiteksten]

Kanskje allkunnebok er eit betre ord for kva wikipedia er? BBB 12:25, 22 Sep 2004 (UTC)

Hei BBB og hjarteleg velkommen til nynorskwikipediaen. Den diskusjonen har me hatt her. Valet stod mellom leksikon, oppslagsverk og allkunnebok. Fleirtalet likte oppslagsverk (sjå og Wikipedia:Community Portal). BjarteSorensen 13:46, 22 Sep 2004 (UTC)
OK, da så. BBB 10. nov 2004 kl. 22:03 (UTC)

"Grunnlegjande" artiklar.[endre wikiteksten]

Eg er klar over at litt av konseptet er at vi skriv om ting vi sjølv er interessert i. Og det er det eg og har gjort stort sett. Men eg vart litt overraska over å finne ut at det mangla(r) mange ganske grunnlegjande artiklar som t.d. Oslo eller Sogn og Fjordane eller kong Haakon VII. Dersom dette leksikonet skal vere til å rekne med må folk flest kunne rekne med å finne dei artiklane som folk flest søker på. Sjølv om desse artiklane kjem etter kvart vil mange legge seg opp andre vanar innen den tid. Så det hjelp igrunnen lite då at vi har 1000vis av artiklar viss vi ikkje har det folk vil ha. Har nokon tankar om dette? Er det noko vi bør gjere noko med?

Kan henda burde me starta eit eige wikiprosjekt for å få på plass desse grunnleggjande artiklane? I det minste må "liste over artiklar vi bør ha" reklamerast betre for på framsida. Jarle 15. nov 2004 kl. 20:03 (UTC)