Long Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Long Away
Singel av Queen
frå albumet A Day at the Races
B-side You and I
Utgjeve 7. juni 1977 (US, Canada, New Zealand)
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 3:33
Selskap EMI, Elektra
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Queen
Queen-kronologi
«Good Old-Fashioned Lover Boy» (Queen's First EP)
(1977)
Long Away «We Are the Champions» /«We Will Rock You»
(1977)


«Long Away» er ein song av rockebandet Queen frå 1976. Det er det tredje sporet frå albumet A Day at the Races. Brian May skreiv songen og syng solovokal.

Songen er nedlastbar til Rock Band 3. Songen vart òg gjeven ut på samlealbumet Queen Forever frå 2014.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein av få songar der May spelar på ein annan gitar enn sin Red Special. For rytmegitarpartia nytat han ein elektrisk Burns 12-strengsgitar (men brukte Red Special på den andre soloen på songen). Opphavleg ønskte May å bruke ein Rickenbacker men vart ikkje komfortabel med den tynne halsen på denne gitaren.

Roger Taylor syng dei lysaste partia på songen.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen var aldri framført live med Mercury. May spelte ein akustisk versjon med Taylor Hawkins & The Coattail Riders den 11. mai 2010.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]