Shijak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shijak
Frå sentrum av Shijak
Frå sentrum av Shijak
Byvåpenet til Shijak
Byvåpenet til Shijak
Styresmakter
Land
Region
Albania
Durrës
Geografi
Flatevidd
 - By

92 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

27 861[1]
Koordinatar 41°20′44″N 19°34′2″EKoordinatar: 41°20′44″N 19°34′2″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Shijak kommune innafor regionen Durrës
Shijak kommune innafor regionen Durrës

Shijak er ein by og ein kommune i regionen Durrës i Albania. Kommunen ligg nær kysten i den nordlege delen av landet og grensar i sør til regionen Tirana.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Shijak vart slått saman med landkommunane Maminas, Xhafzotaj og Gjepalaj.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Shijak 7 568 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Shijak, til saman hadde 27 861 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Shijak ein del av distriktet Durrës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Shijak.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]